mandag 15. desember 2008

Dag 9


Den fyrste song

Den fyrste song eg høyra fekk,var mor sin song ved vogga;dei mjuke ord til hjarta gjekk,dei kunde gråten stogga.

Dei sulla meg so underleg,so stilt og mjukt te sova;dei synte meg ein fager vegopp frå vår vesle stova.

Den vegen ser eg enno tidt,når eg fær auga kvila;der stend ein engel, smiler blidt,som berre ei kan smila.

Og når eg sliten trøytnar avi strid mot alt som veilar,eg høyrer stilt frå mor si gravden song som all ting heilar.

1 kommentar:

Anna Lisa sa...

Dette var fint vennen. Du veit eg elskar denne songen.
Klem mamma